Toastmaestro

Toastmaster // Nordic Weddings

Martin har i løpet av sitt 26 år gamle liv allereie vore toastmaster i 5 bryllaup. Eg møter han på rommet sitt i Underhaugsveien 13 på Bislett. Her driv teologistudenten frå Jæren sjølvdriven kaffibar, og han er ikkje sein med å tilby meg ein kaffikopp frå espressomaskina si. Han er kledd i dongeribukse, t-skjorte med stort bilete av Kanye West og svart lue på hovudet. Han er i sitt rette element og legg seg godt til rette i sofaen, under bilete av Kong Olav og Jesus på veggen.

Kva er det viktigaste å tenkje på som toastmaster i førebuingane før bryllaupet?

– Eg pleier å ta ein samtale med brudeparet. Då kartlegger eg korleis dei ønskjer bryllaupet skal vere med tanke på talar. For toastmasteren si rolle er jo å vere ein symeister og sy saman det som skal vere av talar og innslag. Då er det også viktig å vere i kontakt med dei som skal tale og vere tydelig på kor lang tid dei har fått utdelt. Foreldre og besteforeldre ønskjer ofte å ha lange talar, men det er sjeldan brudeparets ønske. Så det er toastmasteren si oppgåve å ta dei kampane, og seie at det skal vere korte talar, maks 10 minutt.

Toastmaster // Nordic Weddings

Kva er hovudoppgåvene til toastmasteren under bryllaupet?

– Eg pleier ofte å ha ei introgreie, når brudeparet kjem til middagen. Då prøvar eg først å la gjestane mingle så lenge som mogleg, medan eg har avtale med brudeparet at dei varslar meg når dei er fem minutt unna. Så stiller eg og opp alle gjestane på rad og rekke, delar ut konfetti eller stjerneskot, og spelar Kjærlighet med Sissel Kyrkjebø, Can you feel the love tonight på akustisk gitar, eller ein annan song som betyr mykje for brudeparet. Dette blir eit slags startsskot på heile festen, så det er viktig å berre pøse på. Det er ein klissete dag, og ein kan vere veldig klissete utan at folk tenkjer på det. Det er tross alt kjærleikens dag.

Så er det sjølvsagt viktig å presentere talarar og halde styr på programmet under middagen. Eit bra tips er å ta kontakt med søsken av brudeparet for litt artige fun facts om brud, brudgom, foreldre og besteforeldre. Noko som også har fungert veldig godt for meg, er om eg ikkje har noko spesielt på ein person, så berre finn eg på noko som er litt sprøtt og morosamt. Som til dømes å vinne sprangridingskonkurranse. Det er noko mora til ein kompis eg var toastmaster for alltid tar opp: ”Vi snakkar om det enda i juleselskapa. Det med den sprangridinga. Det var så løye!” Eg anbefalar å ha minst mogleg talar under middagen. Det blir brudepar, trulovarar og foreldre. Så kjem det gjerne ei lengre talerekke under kaffien. 

Eg har også fått lov til å velje kva bryllaupskaka skal kuttast opp med. I sommar blei det gjort med samuraisverd under japansk allsong. Til neste bryllaup trur eg det blir motorsag. Eg tenkjer at så lenge eg gjer ting som er innanfor mi komfortsone, så er det morosamt å utfordre andre sine tankar om bryllaup. For folk vil jo aller mest berre ha det gøy, det gjelder alle. Så det er viktig å berre gå for dine innfall og tankar. Du har blitt godkjent av brudeparet. Dei har godkjent din humor og veremåte.

Toastmaster // Nordic Weddings

Vil du dele nokon tips frå eigne erfaringar om kva som har fungert bra, eventuelt ikkje så bra?

– Fun facts om talarane har fungert veldig godt. Eit anna tips er å prøve å skape ein intern sjargong. Bruk morosame ting frå talane. Eg hugsar det var ein bestefar som prata om å hoppe bukk, som eit bilete på sex. Dette blei ei morosam greie som eg tok opp seinare i bryllaupet.

Men eg har vel også hatt episodar som har vore litt på kanten. Ein gong fekk eg alle middagsgjestane til å bli med å le av alle dei annanrangs gjestane som kom til kaffien. Det blei det veldig god stemning av blant middagsgjestane, men var kanskje ikkje like populært blant kaffigjestane. Eg hugsar også ein annan gong det blei tekniske problem, plutselig blei det heilt stille, og eg hadde ingen backup-plan. Då blei det å ta ein vits. Det var ein dårleg idé, for det er jo svært sjeldan gøy med vitsar. Det hjelpte heller ikkje at det var ein grovis som det ikkje høver seg å referere herMen det er viktig å klare å omfamne dei kleine situasjonane, og aldri la seg knekke. Du må ikkje bli bakpå og føle at no går det dårleg. Du må aldri beklage deg. Det er eit godt råd faktisk! Alt du gjer som toastmaster er det råaste som finst. Det du gjer er det råaste, det kulaste, det beste. Ver litt Kanye West. Ver den feitaste fyren i verden.

 

Foto: Nordiske Bryllup / Kristianne Marøy

Skriv din kommentar