Ragnhild og Mike – Bruden forteller

Mike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske Bryllup

Vi ble svært inspirert av låvebryllupet til Ragnhild og Mike (se bildene her), og vi har tatt en prat med bruden for å høre litt om tankene hun og Mike hadde rundt bryllupet.

Hvilke ønsker hadde dere for bryllupet?

– Det var viktig for oss at både vi og gjestane kunne slappe av og kose seg. For å få ei uformell atmosfære på bryllaupsfesten hadde vi lite program og korte talar. Middagen blei servert som buffet, og til dessert hadde vi pinneis og ei kaffivogn ute på tunet, så gjestane måtte bevege seg og fekk god tid til å prate. Det vart det god stemning av!

Vi hadde ein tradisjonell vigsel i den game trekyrkja på Skodje, med salmesongar og orgel. Både vigsler, tekstlesarar og musikar var nær familie og gode vener, så det var likevel personleg – spesielt overraskinga da min far braut ut i ein sjølvskriven song!

Mike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupMike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupRagnhild and Mike detalis // Nordic Weddings / Nordiskw bryllup

Hvilke tanker hadde dere rundt stil?

– Gjenbruk og vintage er noko eg alltid har interessert meg for, så det var naturleg at det vart gjenspeila i bryllaupet. Etter å ha funne løa var det mykje som fall på plass, lokalet er så flott at vi ikkje trong ekstra dekor! Det passa fint for både budsjettet og oss. Vi bur i Telemark, og det var uaktuelt å lage eller kjøpe store dekorasjonar for så å frakta dei langt.

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Atlantic PhotographicNordic Weddings // Photo by Atlantic PhotographicNordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Atlantic Photographic

Stilen var enkel og rustikk med eit gjennomgåande boktema, sidan vi begge er glad i å lese. Nokre av bøkene hadde eg frå før, men det meste kjøpte vi billig på bruktbutikkar. Blomstrane var ikkje planlagt, og vi enda opp med hylleblomst frå ein hage, og petunia, den einaste blomen eg kunne finne i fargen eg ville ha!

Alt av papirmateriale, frå invitasjonar til festprogram og sitat brukt til dekor, laga eg sjølv. Det gjorde at vi fekk ein gjennomført stil, sjølv om andre ting, som vasar og lysestakar, var lånt eller høyrte til på lokalet.

Mike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupNordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Atlantic Photographic

Antrekka våre var og meir uformelle. Eg prøvde mange flotte brudekjolar, men kjente ikkje på at det var heilt meg før eg hamna i ein liten klesbutikk i Tallinn. Den enkle kvite kjolen var behagelig og lett, og eit godt utgangspunkt for omsøm. Tilbehøret var personleg og vintage, smykka var arvegods og sløret frå 60-talet. Til brudgommen blei det ein dress med vest som han kan bruke igjen og igjen.

Mike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupMike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupMike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupMike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske Bryllup

Hva er et nordisk bryllup for dere?

– Natur og mat må vere stikkord for eit nordisk bryllaup. Mike er frå USA, og for dei som kom langvegsfrå, ville vi vise dei det beste Noreg har å by på. Mike synest Sunnmøre er den finaste plassen som finst, og det gjer sjølvsagt eg og!

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Atlantic PhotographicMike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske Bryllup

Det var real bondekost på menyen, med potetball, spekemat og eplemost frå Hardanger, men og eit amerikansk innslag med is-te frå Sørstatane. Vi er og einige om at eit sunnmørsk kakebord med alle favorittane våre er mykje betre enn ei stor kake!

Mike and Ragnhild details // Nordic Weddings / Nordiske BryllupNordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Atlantic Photographic

Hvilke tips har dere til andre brudepar?

– Ta fotografbileta før vigselen. Det var kjekt å ha god tid saman med fotografane utan å tenke på at gjestane venta.

Det er flott å finne inspirasjon frå andre brudepar, bryllaupsbloggar og pinterest, men prøv å avgrense inntaket og ta avgjersler raskt.

Vi gjekk for den amerikanske tradisjonen med å opne våre eigne gåver. Det var koseleg å kunne lese korta og pakke opp gåver både før og etter bryllaupet.

Spør om hjelp! Vener og familie står klar til å hjelpe, og utan dei rundt oss hadde det ikkje blitt det flotte bryllaupet vi ønska oss.

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Atlantic Photographic

Foto: Irene Lovund and Michaela Potterbaum 

Brudekjole: Frå ein liten butikk i Tallinn. Lappen sa Dolce & Gabbana, men til ein veldig snill pris er det særs tvilsamt at det er ein ekte designkjole. Sydd om av bruda.

Brudgommens dress: Matinique

Slør: Vintage, Adorned in Grace

Sko: Vintage/Esprit

Smykke: Arvegods frå farmor og oldemor på begge sider

Hår og sminke: Fri Frisør

Blomster: Blomsterstua Ålesund

Kyrkje: Skodje kyrkje

Festlokale: Nerskøyløa

Kaffi: Precious Bean Roasters

Dekor: Bruda

Se flere detaljer fra bryllupet på bloggen til Ragnhild.

Takk til Ragnhild og Mike som delte sin dag med oss her i Nordiske Bryllup!

1 Kommentar

  • april 20, 2017

    Lillian Iversen

    Hvem ordnet mat og drikke? Hadde dere musikk?

Skriv din kommentar