Buketten som aldri visner

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Knappebukett

Ingvild er en kreativ og inspirerende jente fra Nordhordaland utenfor Bergen. Da vi så bildene av brudebuketten hennes fra bryllupet i juni, var vi sikre på at dette må flere få se. Vi har spurt henne om hun vil fortelle litt om hva som gjorde at hun valgte akkurat en slik bukett, og hvordan det gikk:

«Ideen fekk eg frå Regine, ein av forlovarane mine, som sjølv vurderte å ha knappebukett då ho skulle gifte seg i 2012. Då var det ei utfordring å finne blå blomar. Eg spann vidare på ideen og søkte på nettet. Då fann eg brosjebukettar og mykje anna vakkert, som eg lot meg inspirere av. Eg ville gjere noko som var litt annleis og bestemte meg tidleg for å gjere det slik, utan at nokre andre enn få utvalde fekk vite det. Øyvind visste ingenting, berre at eg skulle lage buketten sjølv.

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Knappebukett

Eg har samla brosjar, knappar, øyredobbar og lignande i lang tid. Nokre har eg kjøpt fordi dei var fine og billige, nokre har eg eller mamma tatt med frå reise. Knappar har eg «alltid» samla på, så nokre av dei finaste fekk være med. Dei fleste brosjene har tilhøyrd enten bestemor eller besto. Eg ville også at buketten skulle passe til bestemor sine nydelige øyredobbar som eg bar på dagen – med klips.

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Knappebukett

Eg brukte LANG tid og mykje tålmodighet for å lage buketten. Til slutt telde eg ikkje timar lengre. Eg begynte i november i fjor, og trur eg sa meg ferdig i april ein gang. På julaftan sat eg og festa knappar til vikletråd heile formiddagen. Dei fleste knappane, brosjene og øyredobbane er festa i ein tråd som er tvinna – slik fekk eg laga blomar med stilk av dei. denne jobben var gjort, klipte eg til hønsenetting i den diameteren eg ønska, og begynte å setje blomane på plass. Ein vanskeleg, gøyal og litt vond jobb for fingertuppane. Såg litt ut som eg hadde krangla med katten då eg var ferdig. Eg måtte legge den frå meg fleire gonger og kome tilbake til den – såg meg blind på kva som var fint. Dei siste blomane som er langs kanten og innimellom, er festa med limpistol for å tette igjen. Det skulle mykje til for ikkje å sjå glissent ut. Men arvestykkene, dei er ikkje festa med limpistol. Til slutt, då alt var på plass, justerte eg lengden på handtaket, festa eit sølvstoff under og surra blonder til handtak.

Har fått mange tilbakemeldingar – mest frå damer som seier at: «du var fin men… den buketten!» Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, og eg er imponert over kor mange som likte eit så spesielt påfunn. No er buketten nesten utslitt under, fordi det var så mange som ville sjå på den på bryllupsdagen. Det er SÅ gøy!»

Om du vil se flere bilder fra bryllupet kan du gå til innlegget på fotografens hjemmeside her.

 www.hillerenfoto.no
Facebook: Hillerenfoto
Instagram: @endre88

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Knappebukett

Skriv din kommentar