Fotograf Kristianne Marøy

Nordiske Bryllup / Nordic Weddings - Photo by Kristianne Marøy - Bergen

Kristianne Marøy er fra Ørsta på Sunnmøre og bor for tiden i Oslo. Hun er glad i å fortelle historier med kameraet sitt, enten det er bryllup, reportasjer eller portrett. Kristianne har latt oss få bli litt bedre kjent med henne som bryllupsfotograf.

Hva kjennetegner dine bilder?

– Som fotograf har eg eit ynskje om å skildre bryllaupsdagen og brudepar på ein uhøgtideleg og autentisk måte. Eg vil fortelje brudeparet si historie slik den utartar seg, utan påverknad frå meg. Hovudsakeleg nyttar eg naturleg lys, både fordi eg synes det estetisk ser penast ut, men òg for å gjenskape stemning best mogeleg. Eg elskar å bruke kreativiteten min, leike med kontrastar, komposisjon, skyggar, luft og miljø.

Hva slags bryllup drømmer du om å forevige?

– Eg har alltid likt å reise, oppleve nye destinasjonar, kulturar og tradisjonar. For tida har eg ein crush på Middelhavsområdet, så det hadde sjølvsagt vore noko å foreviga eit seinsumarbryllaup her! Det er kanskje litt klisjé, men til dømes i ein gamal, sjelfull fjellandsby med utandørs seremoni, ein vingard i nabolaget og lokalmat på bordet – kombinert med eit avslappa, nyforelska brudepar ein har god kjemi med og god tid til å fotografere. Det hadde vore digg!

Hvilken del av bryllupet liker du best å fotografere?

– Dette blir noko individuelt frå bryllaup til bryllaup, men eg er generelt glad i å fotografere relasjonar, mingling og fange dei følelsesladde augneblunka det stort sett florerar av på ein slik dag. Grining og krampaktig latter er alltid kjekt. Kvar etappe av bryllaupsdagen har sin sjarm, men eg synes det er noko eige ved å dokumentere festen. Det er noko med atmosfæren, dei personlege/rørande talene og det avslappa selskapsfølgje – eit utmerka utgangspunkt for stemningsfulle situasjonsbilete!

Har du noen tips til kommende brudepar som skal bli fotografert?

– Nyt dagen! Feir! Ver dykk sjølve (det ser definitivt best ut)!

www.kristiannemaroy.com

Facebook: Kristianne Marøy Foto

Instagram: @kristiannemaroy

 

Skriv din kommentar